Om VHF/UHF radiosamband

 

 

Jakt/sikr. radio

 

 

PMR - analoge radioprodukt

 

 

DMR - digitale radioprodukt

 

 

Basestasjonar og styringskort

 

 

Tilbehør; batteri, antenner o.l. 

 

 

Brukt utstyr

 

 

Utleige

 

 

 

 

 

 

Radiokommunikasjon


Om VHF/UHF samband:


For å få tildelt frekvens i VHF / UHF banda lyt ein søkje NPT (Post- og teletilsynet) om konsesjon. Ut i frå kva behov ein har kan ein få tildelt 1-frekvente kanalar (direkte frå radio til radio) eller 2-frekvente kanalar der signala går gjennom ein basestasjon/ repeater. 1-frekvent samband kan nyttast om ein har behov for radiokommunikasjon over kortare avstandar som t.d. på byggeplass,  ved vegarbeid o.l. 2-frekvent samband går via basestasjon/repeater som mottek og sender ut signalet. Slikt utstyr er ofta plassert på fjelltoppar, eller andre strategiske punkt. Dette sikrar rekkevidde over større område.

 

Digitalt og analoge radiosamband:

Ein kan velge mellom tradisjonelle analoge system eller ny digital teknologi. DMR digitalradio er på full fart inn i marknaden og utviklinga på dette området er stor. Det er mange fordeler med digita lradio:

 

- Kryptering av radiosambandet hindrer avlytting

- Mykje betre talekvalitet

- Sende SMS internt i radionettet

- Gruppesamtaler eller privatsamtaler

- Mulighet for linking av baser via IP

- Digital og analoge kanaler i samme radio

 

Brukarar som i dag har analogt radiosamband og som på sikt vurderer digitalt samband bør vurdere å kjøpe digitalt utstyr og bruke dette analogt fram til ein vel å gå over til eit digitalt radionett.

 

Dei tradisjonelle analoge sambandsradioane er sjølvsagt framleis aktuelle og kan setjast opp på fleire ulike måtar, alt i frå enkle behov, til meir avanserte løysingar med 5-tone selektivt oppkallsnummer på kvar radio.

 

 

Frekvensar:

Ein bør velge frekvensband ut i frå det sambandsbehovet ein ynskjer å dekke.

 

VHF-samband:

Frekvensane som er mest nytta ligg mellom 136-174MHz. Frekvensar i VHF bandet gjev god rekkevidde i kupert terreng og er det frekvensbandet som er mest nytta til PMR føremål

(Profesjonell Mobil Radio). Jakt- og sikringsradio, maritim VHF, brann, politi og helse er eksempel på brukarar av dette frekvensbandet.

 

UHF-samband:

Denne type samband nyttar høgare frekvensar som  ligg i området frå 400 til 470MHz. Samband på desse frekvensane er spesielt godt egna om ein har behov for samband innandørs, i betongkontruksjonar som på ein anleggsplass. Rekkevidda kan opplevast som noko mindre enn VHF-samband i friluft, men UHF sikrar godt lokalt samband om omgjevnadane er krevjande.

 

Utstyret som vert nytta på dei ulike frekvensbanda ser likt ut, men antenna er ofte mindre på sambandsradioar som vert nytta i UHF bandet.

 

Voss Radioteknikk er NPT godkjend radioforhandlar og kan bistå i spørsmål retta mot konsesjonssøknad og søknadsprosess.

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt »

 

Voss Radioteknikk

v/ Daniel Hole

Blomvegen 8

5700 Voss

 

E-post: post@vossradioteknikk.no

 

Telefon:

988 71 192

Voss Radioteknikk © 2012 • Daniel Hole • Org.nr.: 991 966 994 MVA