Radiokommunikasjon
Basestasjonar og styringskort:
Strategisk plassert basestasjon/repeater vil gje mykje betre rekkevidde på sambandet, samanlikna med 1-frekvent samband der signala går frå radio til radio. Basestasjonen byggjast for å fungere som heilt enkel repeater, eller til meir avanserte løysingar med linking, GSM-telefonoverdrag.
I radiosystem som krev styringskort, nyttar me i hovudsak Seimtronic S871 repeatercontroller. Seimtronic har utvikla ei rekkje produkt som er svært godt egna til styring av radioutstyr og desse kan ved behov spesialtilpassast det enkelte radiosystem.
Ta kontakt for meir informasjon!

Tait TM8110 - Analog basestasjon montert i 19" rack
Driftsstabil basestasjon / repeater av høg kvalitet.
- 2 x Tait TM8110 (25w)
- Innkapsling for evt. styringskort
- Duplexfilter
- 12V DC driftsspenning / evt. 230V AC som tillegg
- Interfacing og montering av styringskort*
- Alt montert i 19” rack. Testa, RIA - godkjent og klar for installasjon
Etter nokre års testing og driftserfaring viser det seg at Tait TM8110 er særs godt eigna i repeatersystem. Radioen klarer seg godt i område med mykje RF og driftsstabileteten er av det beste. Montert og tilpassa i 19" rack får kunden ein basestasjon som er individuelt tilpassa eit spesifikt behov. Er det t.d. behov for ekstra linkradio vert denne bygd inn i racket og ein unngår ekstra plasskrevjande modular.
Det er laga pakkepris på basestasjon / repeater til Røde Kors / redningstenesta (FORF). Hordaland Røde Kors bruker m.a. dette utstyret på dei fleste installasjonar av nyare dato og erfaringane er gode. TM8110 repeater fungerer der anna utstyr må gje tapt!
Ta kontakt for produktblad med gunstig pakkepris til Røde Kors (FORF)
S871 Repeatercontroller
Hytera RD985 - Analog og digital (DMA) basestasjon i 19" rack

Hytera RD985 er ein basestasjon/repeater som fungerer på analoge og digitale radionett. Har du analogt radiosamband og behov for repeater i dag, men vurderer overgang til digitalt er det fornuftig å velge RD985. Den har ein robust konstruksjon etter MIL-STD- 810.
Produktblad kjem snart...
Les meir på Seimtronic sine nettsider


|