Godt lys er viktig når ein køyrer i mørkret. Mange har vorte skuffa over fjernlyset også på nye bilar. Vår erfaring er at det er veldig stor skilnad på kor godt lys dei ulike bilane har.
Med fjernlys frå Voss Radioteknikk er du sikra noko av det beste som er på marknaden. Me leverer Hella lykter med xenon og ei rekke LED produkt som rett og slett gjev fantastisk godt lys. Men ver merksam på at lovverket regulerer kor mykje lys
ein lovleg kan montere på køyrety.
Me har i flerie år levert populære xenon/HID lyspakker frå Hella. Dette er Hella lykter som er ombygd til xenon. Me nyttar xenon komponenter frå LumenLights. Dette er noko me har gode erfaringar med. Setta me leverer er 35 eller 55W. Erfaringane våre er at dette er noko som passar godt saman med lyktene. Hugs at overgangen frå 55W halogen til 35W xenon gjev om lag tre gonger meir lys. Eit viktig moment er at det må vere eit visst forhold mellom nærlys og fjernlys. Har du dårlege originallys på bilen og monterer kraftige xenon lykter saman med fjernlysa risikerer du å miste all sikt når du dimmer ned til nærlys. Dette er viktig å vere merksam på! Ver også merksam på at xenon komponenter kan generere radiostøy. Våre produkt frå LumenLights er godt beskytta og innkapsla, men på enkelte biltypar får me tilbakemelding på at det frå tid til anna er dårlegare FM mottak når fjernlysa er på.
Copyright Voss Radioteknikk - 2022
Org. nr: 991 966 994 MVA