|
Om føretaket
Daniel Hole - Voss Radioteknikk vart starta i 2007. Det er få leverandørar som har kompetanse på radiosamband på Voss og i området rundt og på bakgrunn av dette har underteikna fått ulike førespurnader om sambandsrelatert "bistand" frå ulike føretak, etatar og organisasjonar. Desse førespurnadane synte at det var ein marknad for dette i området. Vidare har det vorte satsa på tillegsutstyr til bil, som xenon lys, styringssystem o.l. I 2010 vart Voss Radioteknikk leverandør av Parrot handsfree-system.
Føretaket er godkjend radioforhandlar og er i tillegg godkjend som forhandler av sikringsradio.
Føretaket er drive av Daniel Hole som m.a. har arbeidd mykje med sambandssystem i Røde Kors. Røde Kors har i dag eit godt oppbygd sambandsnett som består av basestasjonar, linkstasjonar og APRS-tracking stasjonar som alt er plassert på strategiske punkt. Fokus på tryggleik og beredskap har vorte sterkt vektlagt under utbyggjinga av dette systemet. Desse sambandssystema SKAL virke når annan "vanleg" kommunikasjon sviktar.
07.09.2011
Daniel Hole




|
Kontakt »
Voss Radioteknikk
v/ Daniel Hole
Blomvegen 8
5700 Voss
E-post: post@vossradioteknikk.no
Telefon:
988 71 192
|