Sida gjev ein presentasjon av produkt i kategorien maritim VHF. Dei ulike leverandørane har eit stort utval av utstyr og utstyret under er meint som eksempel på utvalet. Ta kontakt for informasjon og pristilbod!
Maritim VHF er eit internasjonalt radiosystem som vert nytta i skipsfarten. Utstyret opererer i VHF bandet og har god rekkevidde. Ein kan kalle opp andre båtar/skip og i tillegg ha kontakt med kystradiostasjonane. Kystradiostasjonane sender m.a. ut jamnlege ver- og tryggingsmeldingar som også er nyttig å fange opp. Ein kan få næraste kystradiostasjon til å setje opp telefonsamtalar opp mot det offentlege telenettet om ein er i område utan GSM dekning. Det viktigaste argumentet for å nytte maritim VHF når ein ferdast på sjøen er tryggleiken. Kjem du eller andre i ein situasjon der ein treng hjelp, nyttar ein kanal 16 som er nød- og kallekanalen. Båtar i nærleiken, samt kystradiostasjonen høyrer meldinga di og kan assistere. Systemet er godt utbygd med basestasjonar som dekkar store område. Fleire og fleire radioapparat er også utstyrt med DSC. Radioen har då ein alarmknapp og når denne vert trykt inn vert det sendt ut alarmanrop med ID nummer og din GPS posisjon.
Det har tidlegare vore ytringar om at mobiltelefonen kan vere ein erstatning for maritim VHF. Slik er det definitivt ikkje. Maritim VHF har betre rekkevidde på sjøen og utstyret er mykje meir robust samanlikna med ein ordinær mobiltelefon. I nødsituasjonar er ofte tidsfaktoren kritisk og med anrop på kanal 16 når ein direkte ut til båtar/skip i området, samt kystradiostasjonen.
Maritim VHF vert styrt og administrert av Telenor maritim radio.
Les meir om maritim radio her...
Copyright Voss Radioteknikk - 2022
Org. nr: 991 966 994 MVA